Om BUL
Særlag
Lenkjer
Arkiv
Lagsblad
HovudsideSærlag → Leikskeid / folkedanskurs

Leikskeid / folkedanskurs på måndag

Leikskeid er eit gamalt norsk ord for kurs i folkevisedans, og i ei meir utvida tyding, dansekurs generelt. Ein gong i 1913 kom Klara Semb og heldt det fyrste leikskeidet på BUL Kristiansand, og sidan det har laget hatt mange slike skeid.

I dag tek leikskeida i BUL for seg alle former av folkedans, frå dei eldste bygdedansane med utgåver av gangar og springar, til dei nyare runddansane som vals og masurka, og endåtil folkeswing og tango. I tillegg er songdansen eit fast innslag.

Pris: 50 kr, eller 600 kr for heile halvåret (300 kr for medlemer). Ungdom under 26 kjem inn gratis.

Plakat til leikskeidet | PDF

Leikskeid, hausten 2025

Kvar kurskveld varer frå 19.00 til 21.00, med unntak av einskilde lengre kurs spesifiserte i oversyna.

Du kan òg fylgje Facebook-sida vår for å få oppdateringar.
Har du spørsmål kan du sende SMS til 99 24 87 89.

Dato Emne
25. aug.
1. sept.
8. sept.
15. sept.
22. sept.
29. sept. Haustferie
6. oktober
13. oktober
20. oktober
27. oktober
3. nov.
10. nov.
17. nov.
24. nov.
1. des.
8. des.

Ymist om tiltaket

Det nye leikskeidet på måndagane (til vanleg kalla Måndagsdansen) tok til som del av prosjektet „Korleis skal folkedansen overleva oss?“ frå 23. mars 2022 fram til 16. desember 2024. Prosjektgruppa var samansett av Anne-Beate Guldahl, Arne Rislaa og Liv Arvidsson.

Særlaget har si eiga styringsgruppe som avgjer og set i stand kursa.

Tiltaket har i det meste av tida si vore utan noko skikkeleg namn, men opplæring i folkedans på BUL er ikkje noko nytt, og er det som gjennom tidene har heitt leikskeid og danse- / dansarskeid. Ordet skeid (utt. /ʃɛɪ/) er eit gamalt ord som Noregs Ungdomslag og BUL har vore flinke på å fremja i tidlegare tider. Frå gamalt har ordet hatt ymse tydingar, frå køyreveg mellom åkrar, til kapplaup eller kappriding, som så gav tydinga tida der folk samlast til kappriding, og frå det igjen tydinga tid eller stund i seg sjølv. Det var ikkje før på 1900-talet at det fekk tydinga kurs, og ein kan tenkja seg at den frilynde ungdomsrørsla hadde ein del å seia for at denne bruken slo rot.

Plakat til leikskeidet | PDF

Tilskrift

BUL Kristiansand
Gyldenløves gate 11
4611 Kristiansand

Tlf.: 97 05 00 86
E-post: bulkristiansand@gmail.com
Org.nr.: 981 448 596

Facebook

Sider

Om BUL
Hendingar
Arkiv
Lenkjer
Lagsblad
Særlag
BUL-koret
Felelaget
© 2025 Bondeungdomslaget i Kristiansand (BUL)