Hovudside → Nyhende → Prøverunde i BUL-koret

Prøverunde i BUL-koret 14. oktober

Onsdag 14. oktober får BUL-koret ny dirigent, og med det inviterer me til gratis prøvrunde for alle som er interesserte i å sjekke ut korsong.

Den nye dirigenten vår heiter Hanne Balsnes, er 25 år og nyutdanna dirigent. Ho ønskjer alle nye kormedlemer velkomne og lagar med det eit artig opplegg denne dagen.

Me håpar at du som har tenkt på å prøve ut korsong brukar denne sjansen og kjem på BUL den 14. oktober.


Adressa vår er BUL-salen i Gyldenløves gate 11, 4630 Kristiansand. Salen er i 2. etasje med inngang frå Kirkegata.