Kvar måndag kl. 19.00 til 21.00 held BUL Kristiansand leikskeid, der du kan læra ymse dansar. Dansane varierer, og kan vera alt frå songdans og tretur til telegangar og rørospols.
Prisen er 600 kr i halvåret, eller 200 kr for medlemer. Ungdomsmedlemer (26 år og yngre) kjem inn gratis.
Kvar onsdag kl. 17.30 til 19.30 har BUL-koret øving i BUL-salen.
BUL-koret vart skipa i 2004 av medlemer i BUL.
Ein eller to sundagar i månaden har Kontradansgruppa i Agder dansekveld i BUL-salen.
Kontakt Liv Arvidsson om du vil vera med: liv.arvidsson@gmail.com, tlf. 41 63 75 08.
Kvar onsdag kl. 19.45 til 21.30 har BUL møte med kulturelle tilskipingar av ulike slag, servering og dansekveld til levande musikk. Dansekvelden tek til etter 21.00 pluss/minus 15 minutt.
Programliste med komité og leikleiar
Opplysingar om dei ymse tilskipingane ser du i denne oversyna:
| Dato | Tilskiping |
|---|---|
| 9. sep. | Ivar Nygaard: Når kaktusen blomstrer – En fortelling om tro, håp og kjælighet. |
| 16. sep. | Leiar i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg: Språk under press. |
| 23. sep. | Konsert v/ Marie Skagemo, vinnar av turnéstipendet til Folkeakademiet: “Nye stemmer 2026” |
| 30. sep. | Veke 40: Ingen kulturkveld p.g.a. haustferie. |
| 7. okt. | Toralf Nordbø: 201 år sidan den organiserte utvandringa frå Vestlandet og Sørlandet til Amerika; m/historier, viser, humor. |
| 14. okt. | Fjellgården Kroken. Benjamin Ward: Fra London til Kroken |